Kva skal ein gjennom i løpet av ein skuletime?

Dette er eit forslag til kva du kan seie, og ei oversikt over kva du kan forvente i ein vanleg gjennomgang av løysinga. På venstre side finn du forslag til manus, medan høgre side viser skjermbilete frå spelet.

Last ned manus (pdf)

Korleis fungerer det?

Spelet går føre seg samtidig på ein storskjerm (via PC-en din) og på deltakarane sine mobiltelefonar (eller PC/Chromebook/iPad).

Di oppgåve er å styre framdrifta i spelet og å formidle innhaldet, medan elevane deltek ved å løyse oppgåver.

Bruk mobilen som fjernkontroll!

Dersom du helst vil bevege deg rundt i rommet medan du underviser, kan du styre spelet frå telefonen din.

Praktisk info

Varigheit
Om lag 45–60 minutt
Deltakarar
1-50 stykk Optimalt 10+
Utstyr
PC og storskjerm til presentør Mobiltelefonar til deltakarane (fungerer òg med PC) Mobil til fjernkontroll

Kom i gång

2 minutter

I dag skal vi snakke om privatøkonomi – eller sagt enkelt: Vi skal snakke om pengar! Vi skal sjå på inntekt, utgifter, sparing og renter.

  • Alle svara er anonyme, så ingen andre ser kva du legg inn.
  • Om du synest det er vanskeleg å hugse dei rette tala, eller ikkje vil dele dei, kan du leggje inn eksempeltal.
  • Om tala varierer mykje frå månad til månad, prøv å rekne ut eit gjennomsnitt per månad.

Då er det berre å logge seg inn – så set vi i gang!

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

0 Video: Introduksjon

35 sekunder
Video

Video med “Krona” som forklarer kva vi skal gjennom i dag.

Heisann, Krona her!

Nesten alle i Norge vet hvem jeg er.

Jeg har tross alt vært i lomma til de aller, aller fleste.

Noen vet veldig godt hvordan de skal håndtere meg …mens andre har en tendens til å rote det skikkelig til.

Uansett, heng med videre, så skal jeg dele noe av det jeg har lært de siste 200 åra.

Klar til å starte?
00:00
Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

1 Pengebruk

6 minutter
Oppgåve

Først skal vi sjå nærare på pengebruk. Det kan vere stor skilnad på kor mykje de brukar kvar månad, kva de brukar pengane på, og kor medvitne de er om pengebruken dykkar. Kjøper de ting de faktisk treng, eller går mesteparten av pengane til ting de berre har lyst på?

I dag skal vi lære kvifor det er viktig å vere bevisst på eigen pengebruk.

Kanskje verkar det ikkje så viktig akkurat no, men før eller seinare må alle ta stilling til dette, og då er det lurt å ha tenkt gjennom det tidleg. Det kan hjelpe deg mykje når du blir vaksen og må ta fullt ansvar for eigen økonomi.

Tips til diskusjon

Kva brukar de pengar på?

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1
Deltakarskjerm 2

2 Inntekt

6 minutter
Oppgåve

For å bruke pengar må du først ha pengar. Men kvar kjem desse pengane frå? Når vi snakkar om inntekt her, brukar vi omgrepet i vid forstand. Det treng ikkje vere lønn frå ein jobb. Inntekt omfattar alle pengane du får inn, til dømes lommepengar, gåver, lønn frå arbeid eller andre inntektskjelder.

No skal vi sjå på kvar pengane dykkar kjem frå, og kor mykje de har å rutte med kvar månad.

Tips til diskusjon

Kvar får de pengar frå?

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

3 Video: Smart pengebruk

1 minutt 30 sekunder
Video

I denne videoen forklarer Krona inntekter, utgifter og sløsing av pengar.

Den største utfordringen mange har med penger er at de bruker opp alt med en gang og noen har et veldig høyt forbruk Men det er bedre å spare litt i stedet for å bruke alt..

Den enkleste måten å spare på er å slutte å bruke penger på ting du egentlig ikke trenger.

Du kan for eksempel spare ganske mye penger på å droppe å bruke sparkesykkel eller slutte å kjøpe alle mulige skins i alle mulige spill.

Kjøper du for eksempel fem energidrikker og tre baguetter i løpet av en uke; da har du faktisk brukt over 12 000 kroner i løpet av et skoleår!

Det er 12 000 kroner du kan bruke på noe helt annet.

Hvordan er det med deg? Sløser du? Eller sparer du?

Videoen byggjer på oppgåvene deltakarane har gått gjennom på skjermen før han blir vist.

00:00
Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

4 Sparemål

5 minutter
Oppgåve

Mange av dykk har kanskje spart pengar for å kjøpe noko de har ønskt dykk. Kanskje nokon av dykk til og med sparar fast kvar månad? Sparing er viktig fordi det gjer dykk meir økonomisk medvitne.

Allereie om nokre år vil nok fleire av dykk byrje å spare til eigen bustad, og då er det avgjerande å forstå kva sparing faktisk medfører.

Tips til diskusjon

Kva sparar de til?

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1
Deltakarskjerm 2

5 Video: Sparing

1 minutt 30 sekunder
Video

Krona forklarer kvifor sparing er viktig og gir konkrete råd om sparemåtar og budsjettering.

Jeg trives aller best når jeg kan være sammen med andre, og når jeg kan hjelpe deg å få råd til det du ønsker deg.

Mange har store eller små ting de ønsker seg - førerkort, PC, mobil, utdanning, reise eller klær. Men for at jeg skal kunne hjelpe deg med det, er jeg avhengig av at du sparer.

Derfor er det lurt å opprette en sparekonto, så du ikke har alle pengene på brukskontoen. Det er mye lettere å komme i gang med sparing hvis pengene ikke er så lett å bruke opp.

Du bør også sette deg et sparemål. Bestem deg for hvor mye du skal spare og hva du skal spare til. Penger er mye morsommere å bruke når du har spart til noe du virkelig ønsker deg.

Og sist men ikke minst, er det lurt å sette opp et budsjett. Hvor mye må du endre vanene dine? Kan du tjene litt ekstra, eller bruke litt mindre? Eller kanskje begge deler.

Du må uansett være forberedt på at du må ofre noe, og det er ikke alltid så lett.

Er du klar for å prøve?
00:00
Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

6 Justere forbruk

5 minutter
Oppgåve

Har de nokon gong spart til noko de verkeleg har ønskt dykk? Er det ikkje ei herleg kjensle når de endeleg har spart opp nok pengar til å kjøpe dykk den tingen de har ønskt dykk sååå lenge? Dei aller fleste av oss må innimellom justere forbruket vårt for anten å få råd til noko vi må ha, eller noko vi har lyst på.

No har de sett opp sparemåla dykkar, og for å nå målet raskare kan de justere forbruket og bruke mindre pengar. Er de klare til å ofre noko? Å bruke mindre pengar på noko ei stund for å nå sparemålet?

Tips til diskusjon

Kva kan de greie dykk utan?

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

7 Eitt år fram i tid

5 minutter
Oppgåve

Lat oss sjå eitt år fram i tid. Korleis står det til med økonomien dykkar no? Går de i pluss eller minus? Når ein snakkar om store summar, er det kanskje vanskeleg å forstå heilt kor mykje det er, og kva som krevst for å nå den summen? Har det tatt lengre eller kortare tid å nå sparemålet dykkar?

Tips til diskusjon

Går de i pluss eller i minus?

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

8 Knust telefon

2 minutter
Oppgåve

No har de truleg fått litt innsikt i kva som krevst når ein skal spare til noko. Men det vi har vore gjennom til no, føreset jo at du veit nøyaktig kva beløp du må betale kvar månad. Men livet er ikkje alltid så føreseieleg! Sjå for deg at telefonen din er knust, og at du ikkje har forsikring. Klarar du deg utan telefon, eller må du ha ein ny med ein gong?

Tips til diskusjon

Kva for ein telefon vel de?

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

9 Betaling

3 minutter
Oppgåve

Nokre gonger må ein betale for noko utan å ha heile summen der og då. Då kan det hende ein må nytte seg av kredittkort, delbetaling eller å utsetje betalinga. Ein bør tenkje seg godt om før ein gjer det. Det som verkar som ein skikkeleg god avtale, kan nemleg bli mykje dyrare i lengda. Dette er på grunn av rentene.

Tips til diskusjon

Korleis betalar de for telefonen?

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

10 Video: Renter

2 minutter
Video

Krona forklarer i korte trekk korleis renter fungerer.

Visste du forresten at vi aldri sover? Vi jobber hele døgnet - enten for deg, eller mot deg.

For det er renter på alt; på det du sparer og på det du låner.

Når du sparer betaler banken renter til deg. Det kalles innskuddsrente, og den er høyere på en sparekonto enn på en brukskonto. Og jo mer du sparer og jo lengre du sparer, jo mer får du i rente.

Men når du låner penger, da er det du som må betale rente. Ikke bare på lån, men også kredittkort, eller når du kjøper ting på avbetaling. Og om du ikke betaler innen fristen må du betale ganske høye renter.

“Kjøp nå! Betal senere!” høres kanskje fint ut, men det kan fort bli veldig, veldig dyrt.

Gav dette meining?
00:00
Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

11 Justering av forbruk – andre runde

3 minutter
Oppgåve

Den knuste telefonen var ein strek i rekninga … Lærte de noko av dette, og har de fått ei anna prioritering no? Klarar du å justere forbruket ditt endå litt meir?

Tips til diskusjon

Vil du nytte sjansen til å justere forbruket ditt?

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

12 Nytt år fram i tid

2 minutter
Oppgåve

Kva påverknad hadde kjøpet av den nye telefonen på økonomien og sparemålet ditt? Ville du ha valt ein annan telefon eller ein annan betalingsmåte om du hadde visst det du veit no?

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

13 Kva kosta telefonen eigentleg?

3 minutter
Oppgåve

Om du ikkje betalte heile summen for telefonen med ein gong, har du kanskje framleis gjeld? Ein god regel når det gjeld privatøkonomi er aldri å bruke pengar ein ikkje har.

De har kanskje høyrt om bufferkonto eller buffer? Ein buffer betyr at ein har sett litt pengar til side for å betale uventa utgifter, som til dømes om ein øydelegg telefonen. Og om du må betale på kreditt, avbetaling eller nedbetaling – betal ned så fort du klarar, elles kan rentene kome ut av kontroll!

Tips til diskusjon

Kor dyr blei telefonen din til slutt?

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

14 Sparemetodar

7 minutter
Oppgåve

Av og til får ein gode nyheiter òg! Du har plutseleg fått uventa pengar INN på konto.

Når ein får 10 000 kroner i fanget, er det mykje ein kan velje å gjere. Du kan setje dei på brukskonto og berre bruke dei, eller du kan betale ned gjeld. Men det smartaste valet, etter at du har betalt ned gjelda di, er kanskje å spare – eller kva trur de?

Men sparing er ikkje berre sparing. Det finst ulike måtar å spare på, til dømes sparekonto, aksjefond og kryptovaluta. På skjermane dykkar no kan de sjå kor mykje de får att frå dei 10 000 kronene fram i tid om de bestemmer dykk for å spare dei.

Tips til diskusjon

Kor lenge vil du spare, og kor store sjansar tør du å ta?

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

15 Noko de ikkje skjønte?

Var det noko de ikkje hang med på? Her kan de markere fleire tema, så kan vi sjå på dei saman.

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1

16 Takk for at du spela!

Var det noko de ikkje hang med på? Her kan de markere fleire tema, så kan vi sjå på dei saman.

Hovudskjerm
Deltakarskjerm 1